
5. januar planta AK Glück-Teigland og Kjartan Bergsvåg flagget på Sydpolen etter 40 dagar og 1200 km på isen i Antarktis. Ein mangeårig draum vart røyndom. Vel møtt til eit ekte foredrag om friluftsliv, polarhistore, sannsoger, åndsverk, motivasjon, vilje, verdiar og venskap. AK driv til vanleg Fagerheim fjellstove på Hardangervidda og har lang røynsle som friluftsmann, frå speidaren i Øystese i Hardanger anno 1992 til Sydpolen 2022.